| Type | Springer |
| Familie | GRÅLYSING |
| Oppskriver | Arne Bjørndal |
| Verk | Hardingfeleslåtter |
| Bind | 5 |
| Nummer | 419b |
| Side | 193 |
| Stille | Vanlig stille |
Info
(Bjølleslåtten) B.N.Sl. nr. 18. Mosafinn hadde lært slåtten av far sin, Sjur Liland, som hadde han frå Nils Rekve, Voss. Denne slåtten vart i gamle dagar brukt til bruraslått på Voss. Brurparet pla då ri til kyrkje. På hestane deira var det ein bjølleklave med tre små klokker på kvar side og ei stor midt under. Klokkene var stilte i ein stor treklang. Spelmannen stilte fela si etter desse klokkene, så når han spela, vart det ein fager samklang. Vanleg småtråva hestane og dette høvde godt med springartakta! Slåtten vart og kalla "Ridareslåtten" (av å rida) og har heimstaden sin på Voss. Sjå A. Bjørndal: Ola Mosafinn, Bergen 1922 s. 104, Spelmannsbladet 1950 nr. 4, 1952 nr. 3 s. 9. Jfr. Ø. 305 etter Mosafinn.
Noter
