Fan på bordlasset

Type Halling 2/4
Familie HILDALEN
Oppskriver Truls Ørpen
Verk Hardingfeleslåtter
Bind 3
Nummer 158b
Side 143
Stille Vanlig stille

Info

(Fan på bordlasset) Ø. 297. Oppskr. kring 1937. Dale hadde slåtten etter bestefar sin, Knut Dale, Tinn, Telemark. Slåtten vert og kalla "Fan på tømmerlunna". Garden Heibø ligg ovanfor Notodden før Mehei-vegen til Kongsberg byrjar. Opp for Heibø renn ei å der det i gamle dagar var ei sag og fleire mylner. På Heibø var det ein gut som spela fele, og ein dag han køyrde bord frå saga, såg han ein mann sitja oppe på bordstabelen og spela. Det var Gamle-Erik. Då guten kom heim, tok han fela og spela slåtten han hadde høyrt av "Fan på bordstabelen". Myllarguten kjende sikkert noko av denne slåtten før han kom til Vestlandet, men det er lite truleg at det er frå Vestlandet denne slåtten fyrst er komen. (Dette avstytt frå eit notat av Truls Ørpen etter eit brev frå Johannes Tveitan, Tinngrend 24.9. 1950.)

Noter