Type Halling 6/8
Familie GJERKI HAUKELAND
Oppskriver Truls Ørpen
Verk Hardingfeleslåtter
Bind 1
Nummer 111a
Side 215
Stille 'Låg bass', 'nedstilt bass'

Info

(Gjerki Haukeland) Ø.350. Oppskr. 1922, men gått over att 1952 etter opptak i NRK. Dale hadde slåtten etter farfar sin, Knut Dale, Tinn, Telemark. 111 a-f er variantar. Jfr. Halvorsen nr. 10. Slåtten er og kalla "Langedragen", "Luråsen" og i Numedal "Sindroen". Slåtten er ofte kalla Gjerki eller Gjerke Haugland, men det er ei lita rengjing av Haukeland, den gongen ein gard like ved, no staden i Bergen der Haukeland sjukehus ligg. Segna fortel at Øystein Lurås vart trulova med Gjerki Haukeland. Han laut heim til Tinn etter papira sine, men då han kom attende, heldt ho brudlaup med ein annan. Øystein som og var meister-dansar, hadde Knut bror sin med seg og bad han spela, for han ville dansa med brura og få att eit sylvbelte han hadde gjeve henne. Han dansa, fekk sylvbeltet og slutta dansen med eit rundkast under mønsåsen. Det var på lag 6 alner. Så gjekk dei båe. Knut var den gjævaste spelmannen av dei, men etter Rikard Berge (H. H. Einung - Tinn soga I s. 538) skal det vera Øystein som laga slåtten. Denne er "fager, himilblå i fargen, grøteleg, men med utløysing i kjensla" - for å sitera Berge. Th. S. Haukenæs har ein heilt annan verson av segna, idi Øystein vart den lukkelege brudgomen. Haukenæs - Gammelt og nyt fra Voss og Vossestranden, XI og siste del av "Natur, Folkeliv og Folketro", Bergen 1896 s.417. Om tradisjonen sjå elles B.s. Ymis trad. s. 197, A. Bjørndal. Myllarguten på Det Norske Teater i Bergen 1850. Bergens Tidende 5. april 1950. Stevet finst i fleire variantar, sjå Th. S. Haukenæs op. cit. og R. Berge - Norsk Visefugg, Kra. 1904 s. 178. Arne Bjørndal - Norsk folkemusikk - Festskrift, Bergen 1952, s. 180-181.

Noter