| Type | Halling 6/8 |
| Familie | TJØNNBERGEN |
| Oppskriver | Truls Ørpen |
| Verk | Hardingfeleslåtter |
| Bind | 1 |
| Nummer | 117f |
| Side | 265 |
| Stille | Vanlig stille |
Info
(Guro Heddeli) Ø. 277. Oppskr. kring 1922. Denne varianten har og fleire namn. R. Berge fortel i Hauvard Gibøen, Skien 1932, s. 28 at slåtten skal vera ein Gibø-slått som sume nemner Rekveen (Olav Sigurdsson, Rauland), andre Guro Heddelid. Dette siste namnet meiner han er nytt og skriv seg frå hovudpersonen i boka Guro Heddelid av Jørund Telnes, Kra. 1886. Men Telnes byggjer forteljinga si på gamle segner. Etter han skulle Heddelid vera ein gard i Grunningsdalen som går beint over fjellet frå Seljord til Sauland, mellom Lifjell i sør og Mælefjell i nord. Garden vart lagt øyde av ei jordskrida, men enno syner dei gamle tuftene seg. Etter segna levde Guro Heddelid før pest-året 1626 eller 1635. I op. cit. s. 7 viser Telnes til Wille - Beskrivelse over Selljord, 1786 om at folket i Grunningsdalen døydde ut under denne pesten, og seinare vart markene øydde av grunnras. Det kan såleis godt henda at namnet skriv seg frå segnene.
Noter
