Type Halling 6/8
Familie SETERGJENTA UNDER GA
Oppskriver Arne Bjørndal
Verk Hardingfeleslåtter
Bind 1
Nummer 84b
Side 102
Stille Vanlig stille

Info

(Helena Bø) B. 820. Oppskr. 1937. Då han var ung høyrde Løndal gamle folk spela og song denne slåtten; Helena Bø levde i Tinn for minst 200 år sidan. Då ho var på stølen, kom ein kveld fem røvarar. Dei slakta og åt og truga henne til å koka rømmegraut. Ho hadde lur, og dei spurde kva det var. "Den hev eg te' spela på når eg er glad", sa ho. Dei ville gjerne høyra, og ho gjekk ut på vollen og let den låten som gangaren er bygd på - ho skulle berre låta han når ho var i naud. Far hennar, Gudbrand Bø og kjærasten Einar kom så til, den siste fyrst. Han drap 4 av røvarane, seier segna, og den femte fekk og banesår, men greidde å stikka Einar i ryggen så hardt at han døydde han med. Helena Bø vart sinnsjuk. Sjå B.s. Yms. trad. Det er kan henda same segna som ligg til grunn for stølslokken (voggesull) "Till-till-tove, O mann i skove" som finst i ei mengd variantar.

Noter