Likferdssalmen

Type Springer
Familie LIKFERDSSALMEN
Oppskriver Arne Bjørndal
Verk Hardingfeleslåtter
Bind 4
Nummer 149
Side 124
Stille Vanlig stille

Info

(Likferdssalmen) B. 457. Oppskr. 1912. Beitohaugen hadde lært slåtten av Jøger Saga haugen, Øystre Slidre, Valdres, i 1880-åra, som atter hadde han frå Anders Jomin, Vestre Slidre. Denne hadde truleg lært han av Jørn Hilme, N. Aurdal, Valdres. Etter Beitohaugen skulle slåtten fått namnet sitt på denne måten: Spelemannen Jomin heldt gravøl etter kona si, og etter gamal skikk drakk dei mykje i gravølet. Han som enkemann hadde vorte, var ikkje mindre mann på det våte og såg heller ikkje ut til å ta det serleg tungt med sorga. Då dei vel hadde fått liket i grava, skulle Jomin så svint bort om kyrkjenova, og utan å tenkja på det som hende på kyrkjegarden, tok han til å små syngja på denne slåtten. Det var fleire i likfylgjet som høyrde dette, og etter den dagen vart slåtten heitande "Likferdssalmen".

Noter