Nordfjorden
| Type | Springer |
| Familie | DEN GAMLE VALDRESKVE |
| Oppskriver | Arne Bjørndal |
| Verk | Hardingfeleslåtter |
| Bind | 7 |
| Nummer | 517c |
| Side | 12 |
| Stille | Vanlig stille |
Info
Nordfjorden. Etter Sevat Sataøen, Ål, Hallingdal. B. 1356, 1934. Jfr. B. 2230 etter Andreas Hauge. Så vidt ein veit, er dette ein vestlandsslått. Namnet kjem truleg ikkje av Nordfjord, men mogleg av ytste delen av Sogndalsfjorden (Norafjor'n) eller Osterfjorden som og har vore kalla Nordfjorden. Etter Bjørndal var det spelemannen Knut Lurås, Tinn, Telemark, som lærte slåtten på Vestlandet der han dreiv med rosemåling. Myllarguten fekk han av Lurås, og båe desse var med på å føra slåtten inn i telemarkspelet. Etter kvart vart han kjent i heile hardingfeleområdet. På den fyrste kappleiken for hardingfele i landet, på Grivi, Bø i Telemark 8. juli 1888, var slåtten Nordfjorden obligatorisk. Carl Schart skreiv slåtten ned etter Myllarguten og gav han ut som nr. 1 i C. Schart: VIII Norske Slaatter For Hardangerfele, Bergen 1865. Bjørndal meiner slåtten er bygd over to stevtonar frå Vestlandet. Både tekstane og tonane finst i mange variantar, jamvel i Telemark, Hallingdal og Valdres. Sjå A. Bjørndal: Norsk Folkemusikk. Bergen 1952, s. 203-238.
Noter
