| Type | Halling 2/4 |
| Familie | SEVLE'N |
| Oppskriver | Arne Bjørndal |
| Verk | Hardingfeleslåtter |
| Bind | 2 |
| Nummer | 125a |
| Side | 139 |
| Stille | Vanlig stille |
Info
("Sevle'n") B. 354. Oppskr. 1919. Grimsgard hadde lært slåtten kring 1870 av Gudbrand Skjellerud, Nes, Hallingdal. Slåttenamnet er etter ein villstyring og slåsskjempe, men god hallingdansar, Ola Olson Sevlid, Nore, Numedal. Han drap ein sylvkræmar, Torleiv Gjermundson Ketilsland, Veggli, og vart dømd frå livet og halshoggen på Stengelsrudmoen, ei halv mil ovanfor Kongsberg 1834. Segna seier at han spende eit hallingkast og tralla ein halling like før han vart avretta. Sjå Svale Solheim. Slåttesegner. Manus. Norsk Folkeminnesamling. U.B. Ei gamal vise, "Om Ole Sævle", som fortel livssoga hans, står i Dølaminne, tidsskrift for folkeminne, 1926, s. 86-89.
Noter
