Type Halling 2/4
Familie HALLING ETTER MOSAFI
Oppskriver Gregar Nordbø
Verk Hardingfeleslåtter
Bind 3
Nummer 151b
Side 49
Stille Vanlig stille

Info

(Sevle'n) Nordbø 117. Groven har skreve slåtten ut for hardingfele. Slåttenamnet etter Ola Olson Sevlid (1808-34) (Sevle-guten), ein villstyring og slåstkjempe, men og ein uvanleg dugande hallingdansar frå Nore, Numedal. Han drap kramkaren Torleiv Gjermundson Ketilsland (Sølvtolleiv) frå Veggli i 1832, og vart avretta for dråpet på Stengelsrudmoen, ei halv mil ovanfor Kongsberg. Føre halshogginga spurde presten om han skulle be for han, men Sevle-guten svara: "Eg tenkjer Sevliden greier seg sjølv". So tralla han denne hallingen, og segna seier at trallinga varde heilt til hogget fall, og dei tykte jamvel at leppene mulla etter at hovudet var skilt frå kroppen. Slåtten er truleg tolleg gamal. Sjå: Svale Solheim, Slåttesegner. Norsk Folkeminnesamling, U.B. O. A. Øverland, Sævlid-gutten. Forbryderroman fra Numedal. Kra. 1896. Tov Flatin, Gamalt frå Numedal I, Lyngdal, Numedal 1913 s. 116-125. Ibid. VII, Oslo 1939 s. 71 og 79. Andreas Mørch, Frå gamle dagar. Folkeminne frå Sigdal og Eggedal. Oslo 1932, s. 63-65. B.s. Slåttesegner. Etter Ola Mosafinn s.1.

Noter