Type Halling 2/4
Familie VAMPASLÅTTEN
Oppskriver Arne Bjørndal
Verk Hardingfeleslåtter
Bind 3
Nummer 155a
Side 98
Stille Vanlig stille

Info

(Vampaslåtten) B. 431. Oppskr. 1908. Mosafinn hadde lært slåtten av far sin Sjur Liland i 1838. Vamp = ei stor sidtrøye som kunne ha ymsen farge, ofte hadde bygdelaga sine serskilde fargar. I brudlaup vart siste slåtten kalla "Vampen" eller "Vampaslåtten" av di brudlaupet var slutt og gjestene skulle då finna vampane sine. Dei hadde vampane på berre når dei ferdast, elles hang dei i bua eller utestova. Når dei så skulle fara heim, song dei gjerne dette stevet: "Kor æ vampen min, Kor' æ vampen min, Kor i donderen vart da tå vampen min".

Noter